Informasjon om Gamalostfestivalen

I år er det 28. gong festivalen blir arrangert. Me håper på godt ver og like god stemning som dei andre åri. Veret var dårleg i 2023, me håpar vergudane er med oss i år.

Det er Vik Idrettslag som formelt står for festivalen. Bak festivalen er eit styre som er sett saman av representantar for idrettslaget, ungdomslaget, musikklaget, songlaget, TINE Vik Meieri, Vik Næringssamskipnad og Gamalostlaget.

Inntektene frå festivalen går tilbake til lagi i Vik.

Innhaldet i festivalen er mykje likt frå år til år, og programmet i 2024 er mykje slik det var i 2023.
Programmet finn de på denne heimesida. Det heile startar på fredag med Kulturkvelden i Vikjahalli, med to førestillingar. Programvert i år er Tone Merete Lillesvangstu, vikjajente og vel kjend frå NRK Sogn og Fjordane. Med seg på Kulturkvelden har ho mange aktørar. Her kan nemnast Gygrene, Øyrakjerringane, Ragnar Hove, Visjon Tyleprat og Jenny Marie Skjerven.

Laurdag har eit rikhaldig innhald som byrjar med frukost på Kommuneplassen. Då vil Vik Musikklag spela, Sogn Sparebank deler ut gåver og Årets idrettsutøvar blir annonsert. I fjor var det fotballungdomar som vann og året før Marte Hovland.

Av programmet elles nemner me konserten i Vik kyrkje på laurdag med jazzbandet Magnolia, dans i Vikjahalli etter Kulturkvelden på fredag og stand up på Blix hotell på fredag, utekonsert på Nyetorget laurdag med vårt eige band Ein Te og Halva Priset, Vik Songlag sin konsert i Vikjahalli på sundag, quiz på Blix hotell sundag og på laurdagen underhaldning ved meieriet og i Kristianhus, torgsal og mykje meir.

Tusen takk til våre hovudsponsorar: Sogn Sparebank, Vik kommune, Statkraft, TINE, Sygnir, Coop, Spar og Blix hotell.

I år er det slik at billettsalet skjer på nett eller ved inngangen. For å vera sikra billett, er det lurt å kjøpa på førehand. Fylg instruksjon og lenke for førehandstinging.